Be om pris

Referansar

Referansar og arbeid for bedrifter og lag i Lom

Her er arbeid vi har gjort for bedrifter, lag og foreiningar i Lom, Skjåk og Vågå: jubileumsbøker, årsskrift, kalendrar og utstillingar. To av produkta lagar vi sjølve – Lomsguiden kvart år og 104 fjellpins over 2000 meter.

Fjellpins av Store Tverråtinden, 2309 meter
Framsida på Lomsguiden 2026 med tittelen LOM Jotunheimen Sognefjellet

Eige produkt

Lomsguiden

Den årlege vegvisaren for Lom, Jotunheimen og Sognefjellet. Vi produserer heile guiden, sel annonsane, tek han gjennom trykk og sørgjer for at han blir distribuert.

Guiden går i trykken rundt 20. mai og er ute frå rundt 20. juni, med tekst på norsk og engelsk.

Lomsguiden 2026 · 96 sider · Norsk og engelsk · Trykk mai · Distribusjon juni

Eige produkt

Fjellpins: Norske Toppar over 2000 meter

Serien omfattar 104 toppar. Kvar pins ber namnet og høgda på toppen, støypt inn i metallet, med motivet teikna for hand.

Atten fjellpins frå serien Norske Toppar over 2000 meter

104 toppar over 2000 m · Tredimensjonal utforming · Handteikna motiv · Kr 80 inkl. mva

Frå strek til metall

Kvar topp blir teikna for hand før han blir støypt

Dei 104 toppane byrjar som strekteikningar. Dumhøe: først teikninga, så den ferdige pinsen. Same rygg, same ur, same to sauer.

Det er den same vegen vi tek ei trykksak: skisse først, ferdig produkt til slutt.

Strekteikning av Dumhøe med to sauer
Den ferdige fjellpinsen av Dumhøe, 2181 meter

Nr. 87 Dumhøe 2181 m · Strekteikning og ferdig pins

Alle oppdragsgjevarane

Eit utval av oppdrag vi har gjort – dei fleste i Lom, Skjåk og Vågå, nokre lenger unna. Spør gjerne om eit døme frå din eigen bransje.

  • Lom kommunehistorisk tidsskrift, utstilling og sentrumskart
  • SpareBank 1 Lom og Skjåkjubileumsbok og årsrapport
  • Lom soknerådbok om Lom stavkyrkje
  • Skjåk Almenningtrykksaker
  • Gjendebåteneplakatar og trykksaker
  • Juvasshyttapresentasjon og plakat
  • Lom heimbygdslagHeim og bygd
  • Skjåk historielagårsskriftet Kveldsseto
  • Vågå historielaghistoriske hefte
  • Skjåk ILkalender
  • Vågå ILkalender
  • Loar barnehagemappe og årsplan
  • Vårdalen grunneigarlagfiskekort
  • Sogndal og Luster reiselivturguide
  • Countryfestivalen i Seljordtrykksaker, logo og profilprogram
  • Norske Redningshundertrykksaker
  • Utgardlogo og profilprogram
  • Fjellgeitetikettar

Fortel kort kva du treng

Skriv format, opplag og når du treng det. Då får du eit realistisk overslag tilbake – ikkje ei prisliste.

Ring oss

971 69 557

Send e-post

post@visus.no

Besøksadresse

Eggjavegen 19
2686 Lom

Visus AS· Org.nr 862 017 412· Eggjavegen 19, 2686 Lom· 971 69 557· post@visus.no

Ring oss